TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Stor satsing på infrastruktur i skogbruket i Troms

Stor satsing på infrastruktur i skogbruket i Troms

Det er stor interesse for å byggje infrastruktur i skogbruket i Troms. Nyleg vart Lenvik Virkesterminal opna. Samtidig viser tal frå fylkesmannen at skogeigarane er svært positive til å byggje skogsvegar. Fylkesskogmester Brynjar Jørgensen seier det er viktig at slike grunnlagsinvesteringar kjem på plass no. I Troms er det satsa mykje på biovarmeanlegg basert på skogsflis. Ein god og effektiv tilgang til dei store lauvskogane i Troms er heilt avgjerande for økonomien innafor biovarme.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 23.08.2018

Bygging av infrastruktur er viktig for skogbruket i Troms understrekar ordførar i Lenvik kommune Geir-Inge Siverstsen (nr. 2 frå venstre), her på den nye virkesterminalen ved Finnfjord Regionkai som forsyner Finnfjord Smelteverk med flis for skogane i Troms.
Foto: Helge Kårstad.

8 millionar kroner til skogsvegar
Noverande regjering har innafor Landbruks- og matdepartemente sitt budsjett prioritert tømmerkaiar og skogsvegar. Dette har også skogeigarane i Troms drege stor nytte av.
Sidan opptrappinga for ca. 5 år sidan er statlege løyvingar til skogsvegar i Troms minst dobla frå kring 3 millionar kroner til totalt 7 millionar kroner i 2018. Som eit av 8 fylker fekk også Troms ei tilleggsløyving i 2018 på ein halv million kroner. Saman med eigenandel frå skogeigar betyr dette kring 30 km nye eller opprusta skogsvegar, fordelt på kring 10 km skogsbilvegar og 20 km traktorvegar fortel fylkesskogmester Brynjar Jørgensen. Han legg til at det er store variasjonar i kostnader fordi grunntilhøva varierer mykje i Troms, frå morenemassar, elveavsetningar til siltmasser og fjell. Mange skogeigarar som byggje skogsvegar har kapt hogge og omsett noko tømmer tidlegare, og kan difor ikkje nyttiggjere skattefordelar ved hjelp av skogfond. Direkte statlege investeringstilskot er difor svært viktige for å få bygd skogsvegane seier Jørgensen.

Nybygd skogsbilveg, Bergsnaua i Sørreisa. Legg merke til det fine skogterrenget. Gode skogsvegar, god planlegging av skogsdriftene og ein effektiv logistikk frå skog til foredlingsindustri vil betre rammevilkåra for satsinga på bioenergi i Troms.  
Foto: Brynjar Jørgensen

Lenvik Virkesterminal nyleg opna
Lenvik Virkesterminal vart nyleg rusta opp for ca. 11 millionar kroner. Av dette vart det gitt ca. 3,5 millionar kroner i tilskot frå Landbruks- og matdepartementet. Terminalen ligg inntil Finnfjord Regionkai og sikrar gjennom ein tinglyst avtale skogeigarane i Tranøy, Lenvik, Sørreisa, Dyrøy, Målselv og Bardu ein langsiktig og prioritert bruksrett til terminal og kai.
Ordførar Geir-Inge Sivertsen i Lenvik har god kjennskap til skognæringa i Troms, og har vore ei drivande kraft for å få finansieringa på plass. Han seier til kystskogbruket at denne investeringa har vore viktig for skogeigarane i regionen, men også viktig for Finnfjord Regionhavn og smelteverket i Finnfjord.

Finnfjord Smelteverk kjøper flis
Finnfjord Smelteverk i Lenvik sitt hovudprodukt er ferrosilisium, eit høgkvalitetsprodukt som er råmateriale for stålindustrien. Skogsflis blir brukt som reduksjonsmiddel i framstillinga av ferrosilisium. Årleg forbruk av flis til smelteverket i Finnfjord tilsvarar kring 15 000 kubikkmeter tømmer.
Bjørn Næsvold i Allskog fortel at dei no har 1 års avtale mede Finnfjord Smelteverk for levering av tømmer til flis. For hogst har Allskog avtale med Vesterålen Skogsdrift. Opparbeidinga av tømmer til flis blir i dag utført av Allskog Bio ved virkesterminalen i Lenvik.
- «Vi ynskjer å skaffe kortreist råstoff frå Troms, og i så måte er tilgangen til Finnfjord Regionkai med den nyleg opparbeidde virkesterminalen svært viktig» seier Næsvold. Han reknar med at på grunn av mykje nedblåst virke etter orkanen Ylva siste vinter, vil det meste av tømmeret kome får nærområdet, i hovudsak furu. Noko av virket vil kome på bil og noko vil kome med båt. Dersom det på sikt ikkje det blir etablert meir skogindustri sentralt i Troms, vil stadig meir av skogsvirket bli seld til skogindustrein lenger sør i Nordland.
- "Tilgang til sjø og tømmerkaien i Lenvik vil uansett bli viktig" avsluttar Næsvold.

Sentrale aktørar i skogbruket i Troms. Frå venstre skogsentreprenør Stig Rognan i Vesterålen Skogsdrift, skogbruksleiar i Allskog Jan Are Kristiansen, skogbruksjef i Bardu og fylkesskogmester Brynjar Jørgensen.

15 millionar kubikkmeter
- "Det er lauvskogen som er den store ressursen i Troms idag". Dette fortel fylkesskogmester Brynjar Jørgensen som igjen viser til ferske tal frå Landskogtakseringa. Skogen dekkjer ein tredjedel av fylket og Jørgensen understrekar at ca. 75% av dette skogarealet består av gammal lauvskog, hovudsakleg bjørk. Totalt er det snakk om kring 15 millionar kubikkmeter utvokse bjørk, med andre ord kollosale mengder.
«Dette er ein svært viktig ressurs for oss fordi store føretak i fylket har satsa på biovarme med flis som råstoff dei siste åra. Det hastar difor med å byggje skogsvegar for å utvikle ein best mogeleg logistikk frå skog til biovarmeanlegga» seier Jørgensen.
Det er også planta ein del gran i Troms og denne veks svært godt. Ein kan rekna med at det tilplanta arealet har ein produksjonsevne på kring 200 000 kubikkmeter. Men enno er knapt noko hogstmodent. Mykje er i hogstklasse 3 og 4. Det vil difor enno ta 20-40 år før hogst av gran blir noko stort sak i Troms. Det er bjørkeskogen som er tema i dag i Troms avsluttar fylkesskogmesteren

Det er lauvskogen som er den store ressursen i skogbruket i Troms idag, her frå Sørreisa. Heile 15 millionar kubikkmeter bjørk er meir enn kva det blir hogge av tømmer i Norge årleg. Satsing på biovarme i Troms blir viktig og infrastruktur må tilretteleggjast.